Nivå 0 Steg 1

Definer uroa for eit barn

Når du er uroa for eit barn, må du prøve å setje ord på uroa du kjenner – før du tek saka vidare. Dette er ikkje alltid like lett, for signala kan vere både vage, diffuse og vanskelege å tyde.

Notat på Nivå 0 for barnehage og skule – ta i bruk appen Neddy notis på ditt nettbrett; definere uro, samtaler med kollega/leiar eller føresette, eller anna. Gir grunnlag for å vurdere vidare oppfølging, Nivå 0 Steg 4.
Det er berre notat på Nivå O som skal registrerast i Neddy notis. Dokumentasjon på Nivå 1-3 skal ligge i Stafettlogg.

I menyen til høgre finn du BTI-verktøy som skal vere til hjelp når du skal definere uroa di.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 0 Steg 2

Del uroa med kollega eller næraste leiar

Del uroa di og drøft med kollega og/eller næraste leiar ved første høve. Dersom saka skal takast vidare, avgjer de kven som tek kontakt med føresette.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 0 Steg 3

Del uroa med føresette/barnet

Inviter og gjennomfør «den viktige samtalen» med føresette/barnet innan 4 veker at uroa har oppstått.

Til dette møtet nyttar du rettleiinga du finn i «Førebuing og gjennomføring av den viktige samtalen».

Dersom du ønskjer å øve deg på samtalen er Snakke med barn eit nyttig verktøy.

Gjeld dette ein elev sitt fysiske og psykiske skulemiljø eller eit trygt og godt barnehagemiljø for eit barn i barnehagen, sjå eigne rutiner.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal bli høyrt og bli lagt vekt på.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 0 Steg 4

Grunn til vidare oppfølging?

I den viktige samtalen vert det drøfta med føresette/barnet om det er grunn til vidare oppfølging. Dersom det er behov for å setje i gang tiltak, gå vidare til nivå 1 i rettleiaren. Dersom det ikkje er å setje inn nødvendige tiltak, skal saka avsluttast.

Er det behov for hente inn ekstern hjelp utanfor eigen teneste, gå til nivå 2 i rettleiaren. Husk å innhente samtykke frå føresette om å involvere andre tenester. Informer om stafettlogg og innhent samtykke til dette. For å opprette stafettlogg, følg framgangsmåten i nivå 1 steg 1-3.

Lavterskeltilbod til barn, ungdom og foreldre – Sula kommune

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 0 Steg 5

Avslutt saka

Dersom det ikkje er grunnlag for vidare oppfølging, avsluttar de saka og arkiverer aktuelle dokument i enkelt samspel.

Takk dei involverte for godt samarbeid. Minn føresette/barnet/ungdomen om at dei er velkomne til å be om hjelp dersom det skulle oppstå nye vanskar på eit seinare tidspunkt.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 1 Steg 1

Samtykke til stafettlogg

I situasjonar der barn og unge treng hjelp i ein fase i livet, skal det opprettast ein elektronisk Stafettlogg som sikrar dokumentasjon, samarbeid, framdrift og gode overgangar. Informer om, og få signert samtykke til oppretting av Stafettlogg.

Her finn du som tilsett rutine for oppretting av Stafettlogg

Innlogging stafettlogg

Barn og unges helsetenester (BUHT) – 7 samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. Forløpa er laga for fagfolk, men gir både innbygjarar og fagfolk betre oversikt over ansvarsområder og roller. I kvart forløp er det mellom anna god informasjon om kartlegging av det ein er uroa for og aktuelle tiltak som ein kan sette i verk i barnehage, skule og saman med barnet, ungdommen og heimen.

NB! Også på nivå 1 er det mogleg å søkje råd og rettleiing anonymt hos andre fagområder/einingar, utan at det vert oppretta eit tverrsektorielt samarbeid.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 1 Steg 2

Skap felles forståing

Inviter og gjennomfør møte med føresette/barnet og eiga teneste. I dette møtet definerer de problemstillinga saman, og vert einige om konkrete mål og tiltak. Før mål og tiltak direkte inn i stafettloggen.

Avtal tiltak i både heim og aktuell teneste.

Sikre at barnet si stemme blir høyrt. Avtal kven som har ansvar for å snakke med barnet. Dersom barnet er med i møtet, bør ein førebu barnet før møtet.

Avtal tidspunkt for evalueringsmøte.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 1 Steg 3

Sett i verk tiltak

Avtalte tiltak vert sett i verk. Bruk Stafettloggen til fortløpande evaluering og dokumentasjon av tiltaka.

Det er viktig å sikre barnet/ungdommen si stemme og at meiningane deira blir høyrt og vektlagt.

Oversikt over Lavterskeltilbod til barn, ungdom og foreldre – Sula kommune

Lenke til dei 7 samhandlingsforløpa i Barn og unges helseteneste (sjå også Nivå1 Steg1)

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 1 Steg 4

Evalueringsmøte - drøftingsdel

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Dersom barnet/ungdommen ikkje er med i møtet, må deira oppleving av endring bringast med inn og vektleggast i evalueringa.

Bruk stafettloggen til å dokumentere det som kjem fram under evalueringa.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 1 Steg 5

Evalueringsmøte – avgjerd om vegen vidare

På bakgrunn av kva som kjem fram under evalueringa, tek ein ei avgjersle på vegen vidare.

Det er tre moglege utfall:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, og det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    – Avslutt loggen.
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram på samme måte som før.
    eller:
    De ser at tiltaka ikkje har gitt ønska effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innan eiga teneste.
    Gå tilbake til Nivå 1 – steg 3.
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. Det er behov for hjelp frå eksterne tenester. Drøft vidare innsats/tiltak.
    – Bestem aktuelle samarbeidspartnarar og inviter dei til møte på nivå 2 innan to veker. (Hugs samtykke frå føresette om å involvere andre tenester.)

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 2 Steg 1

Samarbeidsmøte - oppstart

Gjennomfør samarbeidsmøte for føresette/barnet og tenester som skal bidra med tiltak på nivå 2. Presenter saka. Avgjer kven som skal vere stafetthaldar. Denne tek vidare ansvar for møteleiing, referat og oppdatering av stafettloggen.

Samarbeidsmøte: To eller fleire tenester/instansar koordinerer innsatsen slik at alle arbeider etter felles målsetjingar og er kjent med kvarandre sin innsats. Her finn du oversikt over ulike typar samarbeidsarenaer vi har i kommunen.

Bruk møtemalen de finn i «Førebuing og gjennomføring av møte» og malen for referat » Mal referat samarbeidsmøte» som de finn under verktøy.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 2 Steg 2

Samarbeidsmøte – planlegg tiltak

Når saka er presentert for dei nye tenestane, er neste punkt på dagsorden å planlegge aktuelle tiltak. Skriv tiltaka som skal gjennomførast direkte inn i stafettloggen. Det er viktig å få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak.

Til slutt i samarbeidsmøtet avtalar de tidspunkt for evalueringsmøte.

Barn og unges helsetenester gir god informasjon om vidare kartlegging og aktuelle tiltak som ein kan sette i verk i barnehage, skule og saman med barnet, ungdommen og heimen.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 2 Steg 3

Sett i verk tiltak

Alle involverte gjennomfører avtalte tiltak på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen til dokumentasjon.

Førebu evalueringsmøte. Hugs at barnet/ungdommen har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at meiningane skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa.

Barn og unges helsetenester gir god informasjon om vidare kartlegging og aktuelle tiltak som ein kan sette i verk i barnehage, skule og saman med barnet, ungdommen og heimen.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 2 Steg 4

Evalueringsmøte - drøftingsdel

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Dersom barnet/ungdommen ikkje er med i møtet, må deira oppleving av endring bringast med inn og vektleggjast i evalueringa.

Bruk stafettloggen til å dokumentere det som kjem fram under evalueringa.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 2 Steg 5

Evalueringsmøte – avgjerd om vegen vidare

På bakgrunn av kva som kjem fram under evalueringa, avgjer ein vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroe seg.
    – Avslutt loggen.
  2. Tiltaka har effekt. De er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram på same måte som før.
    eller
    De ser at tiltaka ikkje har gitt ønska effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innanfor eiga teneste .
    Gå tilbake til Nivå 2 – steg 2
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behov for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats.
    – Bestem aktuelle samarbeidspartnarar, lag tilvising/melding til desse, og kall dei inn til møte på nivå 3. Stafetthaldar kvalitetssikrar korrekt tilvising/melding. (Hugs samtykke frå føresette om å involvere andre tenester. )

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 3 Steg 1

Første møte med aktuell instans

Stafetthaldar og føresette/barn presenterer problemstillinga for tilvist teneste. Avgjer kven som skal vere stafetthaldar i det vidare arbeidet.

Stafetthaldar sørgjer for at aktuelle instansar får tilgang til stafettloggen. Stafetthaldar har ansvar for møteleiing og referat. Avklar kven som kallar inn til nytt samarbeidsmøte.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 3 Steg 2

Planlegg tiltak

Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barn og andre aktuelle tenester.

Barn og unges helsetenester gir god informasjon om eventuell vidare kartlegging og aktuelle tiltak som ein kan sette i verk i barnehage, skule og saman med barnet, ungdommen og heimen.

Avtal tid og inviter til nytt møte.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 3 Steg 3

Sett i verk koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sett i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen til dokumentasjon av tiltaka.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 3 Steg 4

Evalueringsmøte - drøftingsdel

Evaluer om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka.

Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggjast.

Tilhøyrande Verktøy

Nivå 3 Steg 5

Evalueringsmøte – avgjerd om vidare koordinert innsats

Gjennomfør evalueringsmøte.

Det finst to moglege utfall:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroe seg.
    – Avslutt loggen.
  2. Dei koordinerte tiltaka har ikkje gitt ønska effekt.
    – Sett i verk nye tiltak på nivå 1, 2 eller 3

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast.

Tilhøyrande Verktøy