Her finn du ei kort skildring av utvalde tenester og tiltak retta mot barn, unge og familiar i Sula kommune. På heimesida finn du ei fullstendig oversikt.
Lavterskeltilbod
Sula kommune har ulike førebyggjande og helsefremjande tilbod til barn, ungdom og føresette. Du finn informasjon under kvart tilbod om korleis du kan melde deg på eller bestille tid. Les meir i lenka her: Lavterskeltilbod for barn og unge
Svangerskapsomsorgen
Som gravid har du rett på oppfølging i svangerskapet hos fastlege eller jordmor.
Her finn du meir informasjon om jordmortenesta i Sula kommune og kommunelegekontoret.
Trygg start er eit frivillig og gratis tilbod til familiar som kan ha nytte av tettare oppfølging i svangerskapet, og i spedbarns- og småbarnsperioden.
Helsestasjon
Helsestasjonen (og skulehelsetenesta) har ansvar for førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og unge i alderen 0 – 20 år. Dei jobbar etter lågterskelprinsippet, det vil seie at det skal vere låg terskel for å ta kontakt med oss om det er noko du tenkjer på.
Trygg start er eit frivillig og gratis tilbod til familiar som kan ha nytte av tettare oppfølging i svangerskapet, og i spedbarns- og småbarnsperioden.
Psykiatrisk sjukepleiar er knytt til helsestasjonstenesta.
Les meir om helsestasjonen her.
Ps. Du finn dei også på facebook.
Skulehelsetenesta
Helsesjukepleiar i skulen jobbar helsefremjande og førebyggjande, og er tilgjengeleg faste dagar på kvar skule. Tilbodet vil også bli gjeldande for barnehagane.
Døra er open for alle elevar – kom gjerne innom for ein prat!
Hugs at helsesjukepleiar har teieplikt!
Kontaktinformasjon og meir informasjon om skulehelsetenesta finn du her.
Helsestasjon for ungdom
På «Helsestasjon for ungdom(HFU) møter du helsepersonell som du kan snakke med om emne som opptek deg.
Den er ope kvar måndag frå 15.30- 17.00
Tilbodet er gratis for ungdom opp til 24 år. Du treng ikkje bestille time.
For meir informasjon og kontaktinfo – sjå her.
Utekontakten
Utekontakten er ei kommunal teneste for ungdom opptil 23 år.
Dei er ei oppsøkjande teneste med hovudvekt på førebyggjande ungdomsarbeid.
For meir informasjon og kontaktinfo – sjå her.
Barnevernet
Barnevernstenesta kan hjelpe barn, unge og deira familiar med små og store utfordringar i kvardagen. Det vert jobba med tiltak som kan styrke familien, endringsarbeid inn imot foreldre – og tiltak direkte knytt til barnet eller ungdommen. Dei fleste tiltaka vert drifta av barnevernet, men ein kan også setje i verk tiltak i regi av mellom anna Bufetat sine hjelpetenester.
Les meir om barnevernet i lenka her.
PPT
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) kan gi råd og rettleiing til barnehagar, skular, føresette og barn/ungdom/vaksne om nyttige tiltak når barn strever i utviklinga eller har ein vanskeleg opplæringssituasjon.
PPT er kommunen sin sakkunnige instans når det gjeld spesialpedagogiske tiltak for barn, unge og voksne med særlege behov knytt til utvikling og opplæring. PPT skal også hjelpe barnehagen og skulen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling.
Psykososial rådgjevar og Ungdomslos er stillingar som er knytt til PPT sitt førebyggjande, pedagogiske og systemiske arbeid.
For meir informasjon om PPT og kontaktinformasjon, sjå her.
Familievernkontoret
Familevernkontoret tilbyr mellom anna parterapi, familieterapi og mekling ved samlivsbrot. Tilbodet er gratis og du treng ikkje tilvising.
Her finn du meir informasjon og kontaktinformasjon.
Helse
Helsesektoren har mange kommunale tilbod for barn og unge, sjå meir på heimesida til kommunen.
- Dersom barnet eller ungdommen har ei fysisk eller psyisk funksjonsnedsetting kan det ha krav på ulik tilrettelegging/støtte i kvardagen. Tiltakskontoret behandlar søknadar på dette. Meir info om dette finn de her.
- NAV har ansvar for dei sosiale tenestene i kommuna, og har mange tiltak og støtteordningar knytta mot familier. Her kan de lese meir om det.
Kultur
Kommunen har eit rikt og variert kultur tilbod til barn og unge.
På heimesida finn du ei oversikt over desse.
«Friskus aktivetskalender» gir deg ei oversikt over lag og organisasjonar og planlagde aktivitetar.
Vi har to tilskotsordningar i kommunen, kontantkassa og aktivitetstilskot, som skal bidra til at barn og unge mellom 6 og 18 år kan delta på ein fritidsaktivitet. Les meir om desse og korleis du kan søke her.