-

Samhandlingsmodell

Samhandlingsmodellen er utvikla for å synleggjere korleis vi jobbar i kommunen for å sikre at alle barn og unge har nokon som ser dei og som kan hjelpe dei som har det vanskeleg.

Modellen inneheld ein handlingsrettleiar som bygger på den nasjonale satsinga Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) som er ein modell som er opprinneleg henta frå Danmark. Den danske modellen var i utgangspunktet retta mot barn og unge i familiar med rusmisbruk eller sinnslidingar. Men den har blitt tilpassa norske forhold og har fått eit breiare nedslagsfelt slik at den omfattar alle former for bekymringer, både små og store.

Sula kommune har valgt at modellen skal favne ALLE barn, ikkje berre barn og familiar i risko, og som det er knytt bekymring til. Målet med modellen er at den skal bidra til at tenestane skal bli endå betre på samarbeid og samhandling. Den er bygd opp slik at den vil synleggjere ansvar, rutinar, verktøy og planar for tre ulike organisasjonsnivå i kommunen.

Sida vil vere under stadig redigering for å kunne vise dei nyaste og mest relevante dokumenta til ei kvar tid.

1. INDIVIDNIVÅ

Dette nivået rettar seg mot alle fagpersonar innan oppvekst, helse og andre hjelpetenester som arbeider med barn, unge og familiar.

* 1.1 BTI- rettleiar

BTI-rettleiaren vil gi dei tilsette informasjon og hjelp for å sikre rett framgangsmåte i situasjonen dei står i.

Dersom det er blir avdekka behov for tiltak rundt eit barn skal ein kalle inn til eit møte med barn/føresette og opprette staffettlogg.

Barn og føresette er sentrale i samarbeidet.  Barnet si stemme skal bli høyrd og bli lagt vekt på ut frå alder og modning.

* 1.2 Samhandlingsarena

Kommunen har er fleire arenaer for samhandling. Desse bidrar til at tilsette kan samarbeide systematisk for å sikre god oppfølging rundt barn, unge og familiar. Her er ei oversikt over dei ulike samhandlingarenane. 

2. EININGSNIVÅ

Sula kommune har fleire einingar som samhandlar med barn, unge og familiar. 

Ein jobbar på tre ulike innsatsnivå: 

  1. Universielt nivå – førebyggjande innsats, retta mot alle
  2. Selektert nivå - innsats retta mot grupper som er i risiko for å utvikle problem
  3. Indikativt nivå – innsats retta mot enkeltpersonar med kjent behov for bistand 

Her finn du ei oversikt over ulike tiltak og tenester i kommunen knytta til barn og unge.

* 2.2 Barnehage

heimesida til kommunen er det ei oversikt over alle barnehagar i Sula. Der ligg også lenker til aktuelle dokument som er gjeldande for barnehagane.

RISK manager er kvalitetssystemet til Sula kommune. Her kan dei tilsette logge seg inn og finne ei fullstendig oversikt over alle rutiner og prosedyrer som omhandlar barnehagen.

Under har vi trekt fram dei viktigaste som kan vere med å støtte opp rundt arbeidet med å fange opp barn og unge som ein er uroa for:

Barnehagane har samarbeidsavtalar med fleire av dei ulike tenestane.

 

* 2.3 Skule

heimesida til kommunen er det ei oversikt over alle skular i Sula. Der ligg også lenker til aktuelle dokument som er gjeldande for skule.

RISK manager er kvalitetssystemet til Sula kommune. Her kan dei tilsette logge seg inn og finne ei fullstendig oversikt over alle rutiner og prosedyrer som omhandlar barnehagen.

Under har vi trekt fram dei viktigaste som kan vere med å støtte opp rundt arbeidet med å fange opp barn og unge som ein er uroa for:

Skulane har samarbeidsavtalar med fleire av dei ulike tenestane.

* 2.4 Tiltakseining for barn og unge (TBU)

Tiltakseining for  barn og unge (TBU) består av fagområda helsestasjon, PPT og barnevern.

Samorganiseringa av desse fagområda bidrar til å sikre ein meir samla og heilskapleg innsats for å bidra til at oppvekstvilkåra til barn og unge blir så gode som mogleg.

Kvart fagområde arbeider etter ulike lovverk og på ulike innsatsnivå. Men dei samarbeidar også tett om fleire av dei tverrfaglege tiltaka. I  RISK manager, som er kvalitetssystemet til kommunen, vil dei tilsette finne både rutiner som er felles for alle  og som er knytt spesifikt til dei ulike fagområda.

Under har vi trekt fram dei viktigaste tverrfaglege rutiner og prosedyrer som kan bidra til å fange opp  uro og sikre systematisk oppfølging av barn og unge:.

Helsestasjons og skolehelsetjenesten  jobbar helsefremmande og førebyggande og tilbyr oppfølging av gravide barn og unge alderen 0-20 år.  Det er eit frivillig tilbod, men dei fleste barn og familiar benytter seg av denne tenesten. Jordmor og helsesjukepleiar er derfor ein viktige ressurs for å avdekke og følge opp uro eller bekymring rundt eit barn, ungdom eller føresette.
Det er utarbeid nasjonale retningslinjer som legg føringar for organisering og innhold i tenesten, og som kan bidra til å sikre at utsette barn blir fanga opp.

PPT

PPT skal hjelpe barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikten er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PPT skal også hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for barn og elevar med særskilde behov. PPT har både system- og individretta oppgåver, og det er viktig å sjå desse oppgåvene i samanheng.

Tilpassa opplæring gjeld alle elevar, og skal så langt som råd skje gjennom variasjon og tilpassingar til mangfoldet i elevgruppa innanfor fellesskapet. Også i barnhagen skal ein tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet og gi barnet eit inkluderande tilbod.

Tidlig innsats handlar om å sette inn tiltak og tilpasse barnehagetilbodet og opplæringa med ein gong ein identifiserer at eit barn/ein elev har behov for tilrettelegging. Dersom ein gjer det kan det bidra til å førebyggje at utfordringane veks seg større og blir eit hinder for utvikling og læring. Udir har utforma fire kvalitetskriterium for ppt som seier noko om korleis ppt og bhg/skular skal samarbeide

PPT er ei fagleg kompetent teneste

PPT er tilgjengeleg og medverkar til heilskap og samanheng

PPT arbeider førebyggjande

PPT bidreg til tidleg innsats

Barnevern

Barneverntenesta jobbar for å verne/hjelpe og støtte barn og unge slik at dei blir sikra god omsorg i kvardagen. Med omsorg meiner ein trygge og gode oppvektsvilkår både heime, barnehage/skule og fritid. Barneverntenesta skal kartlegge utfordringar og behov barn og familiar har, og saman med dei finne fram til løysningar og bidra til å skape endring.

 

3. KOMMUNALNIVÅ

Arbeidet med tidleg innsats og samhandling rundt barn, ungdom og familiar er forankra i øvste leiinga i kommunen. 

Samandlingsmodellen må sjåast i samanheng med dei strategiske styringsmåla til kommunen.

* 3.1 Statlege føringar

Det er ei rekke lovar og forskrifter  som regulerer og legg føringar korleis kommunen organiserer tenestane for barn og unge.

Gjeldande lovverk:

Gjeldande forskrifter:

Vidare kan kommunen forme innhaldet og organiseringen av dei ulike tenestane basert på ulike rundskriv, rettleiarar og kunnskapsrapportar.  Det er utarbeida fleire slike nasjonale dokument, under viser vi til fleire som er aktuelle spesielt for å kunne fange opp utsette barn og unge:

 

* 3.2 Kommunale føringar

Basert på dei overordna statlege føringane har Sula komune utarbeida sine eigne planar og styringsdokument. Her finn du ei oversikt over alle desse. 

Vi har trekt ut det som er mest vesentlige for:

Det generelle arbeidet rundt barn og unge:

Det spesifikke arbeidet rundt utsette barn og unge:

 

* 3.3. Medvirknad og evaluering

Medverknad er ein lovfesta rett. Brukar har rett til å medverke og kommunen har plikt til å involvere brukaren.  

Som nemnt under «indivdinivå»  skal barn og unge, og deira meiningar alltid vektleggast i økande grad etter alder og modning i saker som gjeld dei.  Dette er nedfelt i både  Barnekonvensjon og i Norges grunnlov, §104, og er noko som alle tenester må sørge for å ivareta på best mogleg måte.

Dette er også spesifisert i  Barnehagelova §3   og opplæringslova.

I Sula kommune praktiserer ein også brukarmedverknad gjennom ulike etablerte forum:

  • Brukarråd 
  • Ungdomsråd 
  • Kommunestyre 
  • Utvalsmøter
  • Brukarundersøkingar 

Med bakgrunn i analyse av ulik informasjon som kommunen henter inn, vil tenester og tiltak bli evaluert på kommunenivå.

Døme på dette kan vere:

  • Brukar- og medarbeidarundersøking
  • Tertialrapportar
  • Årsmelding
  • Tilsyn
  • Ståstadanalyse (barnehage og skule)

* 3.4 Kompetanse

Sula kommune nyttar «Visma rettleiaren» for kompetanseheving om lover og avtaleverk innan sektorane helse og omsorg, barnevern, skule og barnehage. 

Alle einingane har utarbeida eigne kompetanseplanar og mål, og  det er pågåande og planlagte tverrsektorielle kompetansesatsingar.

Kunnskapsgrunnlaget for kommunen er m.a. bygd på:

  • BTI- kartlegginga som blei utført våren 2020 ga kommmunen eit godt bilete av kva område som er viktig å vektlegge i kompetansehevinga både generelt for kommunen og i dei ulike tenestene. Det er planlagt å gjennomføre ei ny slik kartlegging i 2023.
  • Ungdata Sula kommune –sist gjennomført 2021
  • God Helse Sula er namnet på Sula kommune si satsing på folkehelsearbeid. På denne sida finn du mellom anna gjeldande folkehelseprofil for kommunen.  
  • KOSTRA nøkkeltall for Sula kommune . Ved å søke på tenesteområde kan ein velje det området ein har interesse for, til dømes psykisk helse og rus, barnevern, barnehager m.m.  
  • Oppvekstprofil for Sula kommune, søk på gjeldande år
  • Folkehelseprofil for Sula kommune, søk på gjeldande år

* 3.5 Internkontroll

Kvalitetssymstemet til Sula kommune er  «RISK manager».

Som kommunalt tilsett logger du inn her . 

(Tilsette i private barnehager har eigne portalar.)

Kvalitetssystemet skal sørge for at vedtekne prosedyrer blir følgt, og at pålagde og planlagde oppgåver blir gjennomført. Ved avvik skal ein melde frå om det via egne skjemaer i  avviksystemet.  

Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn og gjennom forvaltningsrevisjon.  

  • Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Sula kommune er det ofte Fylkesmannen i Møre og Romsdal som utfører tilsynet, men det kan også vere Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.  
  •  Forvaltningsrevisjon er ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kommunestyret sine vedtak. I ein forvaltningsrevisjon kan ein til dømes vurdere om ressursbruken samsvarar med politiske vedtak og føresetnader, og om ressursbruken er effektiv og om regelverk vert følgt.