BTI - Betre Tverrfagleg Innsats
Betre Tverrfaglig Innsats, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei uro til. BTI skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.
Tidleg innsats handlar om å førebyggje meir og å avdekke vanskar tidlegare, både hos gravide, barn, unge og familiar. Tidleg innsats kan handle både om å oppdage vanskar i tidleg alder, og om å oppdage vanskar tidleg i ei risikoutvikling. Det kan vere forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eigenskaper ved miljøet i barnehagen/skulen eller på fritida, som skapar utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har ei sentral rolle både i å oppdage og å følgje opp. Hjelpetiltaka som vert sett i verk skal ha fokus på å styrke beskyttande faktorar og å redusere risikofaktorar rundt barnet/ungdommen/familien.
Samordna tenester handlar om å betre samarbeidet og sikre framdrift, når kommunale basistenester (til dømes helsestasjon, skule, barnehage) og hjelpetenester (til dømes psykisk helseteneste, PPT, barnevern) i fellesskap skal hjelpe barn/ungdom/familiar gjennom vanskar. Med ein klar struktur vil BTI-modellen bidra til å styrke samhandling mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår avbrot i oppfølginga.
Foreldreinvolvering handlar om at BTI-modellen er basert på at foreldre/føresette i utgangspunktet alltid skal vere ein del av løysinga på ein vanske/eit problem. Det blir derfor lagt stor vekt på at dei kommunale einingane/tenestene skal samhandle med foreldra gjennom heile prosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt.
Involveringa av foreldre har både ei etisk og ei fagleg grunngjeving. Den etiske dreier seg om å respektere det overordna ansvaret foreldre eller andre føresette har for eigne barn. Det faglege dreier seg samarbeid og at foreldra ofte er ein avgjerande aktør, og heimen ein viktig arena, i det førebyggjande arbeidet med barn og unge.
I kommunikasjonen mellom kommunal(e) teneste(er) og familien, vert ein elektronisk stafettlogg nytta som eit viktig samhandlings- og målstyringsverktøy.
Trygt og godt barnehagemiljø
I arbeid med eit trygt og godt barnehagemiljø er det ifølgje barnehagelova, barnehagen som skal sørge for at alle barn får ein trygg og god barnehagekvardag.
Meir info og meldeskjema finn du her.
Vanskar knytta til fysisk og psykisk skulemiljø (Kap 9A-saker)
I arbeid med 9A-saker er det ifølgje opplæringslova skulen som har ansvaret for aktiviteten og handlingsplanen som skal utarbeidast til hjelp for barnet/ungdommen. Hjelpetenestene vil vere eit supplement til skulen sitt arbeid, men skal ikkje overta ansvaret som skulen har.
Meir info og meldeskjema finn du her.
Grunnmodellen
BTI består av ein grunnmodell med tilhøyrande BTI-rettleiar (handlingsrettleiar) og verktøy, kombinert med kompetansen til dei tilsette.
Grunnmodellen i BTI beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire ulike nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:
Nivå 0: Avklare om det er grunnlag for vidare uro
Nivå 1: Tiltak innanfor eiga eining
Nivå 2: Enkelt tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester
Nivå 3: Meir omfattande tverrfagleg samarbeid
Nivåa og tenestene i grunnmodellen vert bundne saman gjennom ein samarbeidsstruktur som er basert på at ein aktør, stafetthaldaren, har ansvar for å koordinere den tverrfaglege samhandlinga og dokumentere arbeidet i ein elektronisk stafettlogg.
BTI-rettleiaren (handlingsrettleiar) er sjølve oppskrifta på korleis vi skal gå fram i konkrete tilfelle der vi er uroa for gravid/barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane vi skal bruke i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste/eining og mellom tenestane/einingane.
Verktøya er dei konkrete hjelpemidla vi skal bruke i det daglege arbeidet. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutiner som støttar handlingane i BTI-prosessen heilt frå der vi oppdagar og vurderar ei uro, og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltak. Vi snakker her om alt frå konkrete tips og råd til malar for korleis ein kan samtale med barn og unge eller mal på korleis ein skal gjennomføre møter.
Kompetanse er ein føresetnad for at vi kan bruke BTI-modellen. Tilsette i Sula kommune må ha kompetanse til å
– forstå og bruke samarbeidsstrukturane i BTI-modellen, og
– å utføre oppgåvene som ligg innanfor dei ulike prosessane i modellen.
Dette inneber at vi må ha kompetanse til å oppdage uro, til å samtale med barn/unge og føresette, og vi må vere i stand til å gjere oss nytte av hjelpetiltak og andre hjelpetenester der det er nødvendig.