Rettleiaren for BTI er eit verktøy som skal gjere det enkelt å handle i tråd med BTI-modellen. På første side er det ei full oversikt over alle nivå og steg. Alle punkta er interaktive og leiar til utfyllande informasjon til det spesifikke punkt.
Om du har starta rettleiaren for første gang er det naturleg å starte på nivå 0, steg 1.
Oppe til venstre finn du navigeringsverktøyet
Øvst i navigeringsverktøyet er det ei tallrekke frå 0 – 3. Dette viser til nivåa i BTI. Nivået du er i er utheva og du kan enkelt navigere deg mellom nivåa ved å klikke på ønska tal.
Du finn ei forenkla forklaring av nivåa under tala. Du ser kun forklaringa for gjeldande nivå.
Stega er teikna opp vertikalt frå 1 – 5 med det gjeldande steget utheva. Alle tala er interaktive og kan nyttast til raskt å navigere gjennom rettleiaren.
Ei forenkla forklaring er plassert til høgre for tala, for å tydeleggjere prosessen i BTI.
Kvart steg er forklart slik at du raskt kan oppfatte og forstå det. Du vil finne ei forenkla forklaring av kva du skal gjere på det gjeldande nivå. Alle utheva ord vil føre deg inn til ytterlege informasjon.
Har du behov for meir informasjon er det tilgjengeleg nederst på kvart steg i heile rettleiiaren.
Alle dokument og skjema som er relevant for gjeldande steg er tilgjengeleg på høgre side.
Har du hamna på feil kommune sin BTI-rettleiar så kan du velje ein anna kommune i lista nedanfor